Nyheter

  • Stor stas med kyllingar i barnehagen :-)

    I dag har det blitt født to flotte kyllingar i Gamlevegen. På biletet kan de sjå i bakgrunnen at nr 3 er på veg til å bli fødd. Dei aller fleste av borna har vore innom og kikka på kyllingane i dag. No medan dei er så nyfødde kan vi berre sjå men ikkje røre, og vi har snakka stillare enn vanleg når vi har vore inne for å sjå på dei.

    13.04.2018 14:26
  • Vikariat :) i dei viktigaste jobbane

    Års-vikariat: 100% pedagogisk leiar og 100% fagarbeidar. Vikariatet som pedagog kan bli fast. Ved internt opprykk kan det bli ledig fleire fagarbeidarstillingar, eventuellt i ulike storleikar.

    23.03.2018 14:50
  • Vi er med på "inkluderande barnehage og skulemiljø"

    Vi jobbar med dette saman med heile den nye Sunnfjord kommue :) Deltakarane skal jobbe med trygge og gode barnehage- og skulemiljø, regelverk, organisasjon og leiing og lære meir om å førebygge, avdekke og handtere mobbing.

    19.03.2018 13:00
  • Ledig vikariat som fagarbeidar/ assistent søknadsfrist 1. mars

    Vi får fleire nye barn frå mars- april og treng difor fagarbeidarar / assistentar frå 12. mars og 2. april. Det vil verte ledig inntil 2 100% stillingar. Dette er litt avhengig av kor mange av barna som takkar ja til plass. Frå hausten vil vi komme til å lyse ut 100% vikariat som pedagogisk leiar og truleg også fagarbeidar. Dette vil bli annonsert i mars. Stillingsprosent som fagarbeider er avhengig av antal barn som søkjer/tek i mot plass. Vi vil og trenge sommarvikar for kokk :)

    23.02.2018 14:39
  • Se flere aktuelle saker i arkivet...

Planar

Sande barnehage skal vere ein god plass å vere for både små og store. Vi ynskjer oss dagar med glede, utfordringar og gode oppvevingar. For å sikre det har vi laga ulike planar. I dei kan du lese om kva vi tenker er viktig i barnehagen. Arbeidsgrunnlaget, utviklingsplanen og årsplanen er planer som tek for seg uilke sidar av barnehagedagen.

Søknad om barnehageplass

Hovudopptaktet til barnehagane i Gaular er 1. mars. Dei som har fått plass beheld plassen til dei byrjar på skulen. Ynskjer du å endre plassen kan du og gjere det i det kommunale søkesystemet på nett. Dersom det er ledig plass i barnehagen, kan barn også få plass utanom hovudopptaket. Vi må då ta omsyn til personaltettleik og kommunen sine teljedatoar. Vi tek ikkje barn inn etter 1. april.