Søknad om barnehageplass

Hovudopptaktet til barnehagane i Gaular er 1. mars. Dei som har fått plass beheld plassen til dei byrjar på skulen. Ynskjer du å endre plassen kan du og gjere det i det kommunale søkesystemet på nett. Dersom det er ledig plass i barnehagen, kan barn også få plass utanom hovudopptaket. Vi må då ta omsyn til personaltettleik og kommunen sine teljedatoar. Vi tek ikkje barn inn etter 1. april.

Frå hausten 09 skjer alt opptak til barnehagen på nett.

Søknad

Følg lenka over og du kjem til dei kommunale opptakssidene.

Ynskjer du å auke / redusere barnehageplassen må du og melde det her!

Dersom du alt har fått eige brukarnamn og kode,
kjem du inn på "Di side" og du kan søkje endring.

Har du ikkje det klikkar du på "søk om brukarnamn" på kommunen si side,
og du vil få brukarnamn og passord tilsendt på e-post..

Det er eit hovudopptak til Sande barnehage, der er søknadsfristen 01.mars.
Resten av året er det fortløpande opptak.

Opptakskriteria finn ein i vedtektene for barnehagen.

Om ein ynskjer barnehageplass seinare enn 1. april må ein vente til nytt barnehageår startar i august.  Årsaka er at borna treng god tid på å bli kjende og trygge i barnehagen før vi tek til med ferieavvikling der avdelingane i større grad samarbeider/blir slegne saman, og det vert litt fleire vaksne og barn og forhalde seg til.