Viktige ting for deg med barn i Sande barnehage!

Frammøte Barna bør vere komne i barnehagen til 9.30, for då vil ein gjerne setje i gang ulike aktivitetar, som turar o.l. Dersom barnet kjem seinare kan dette avtalast med avdelinga.

Sjukdom Born vert sjuke, då må dei sleppe å vere i barnehagen. Dette vil og redusere sjukefråveret for både barn og vaksne, då det vert mindre smitte i barnehagen. Kjem barnet i barnehagen må det kunne vere ute.               Gje beskjed dersom barnet vert heime ein dag på grunn av sjukdom eller skal ha ein fridag. Helst før 9.30!

Tilvenning Når barnet er nytt i barnehagen, er det viktig at foreldra kan vere ei tid saman med barnet. Det kan og vere greitt med kortare dagar i byrjinga.

Ansvar ved henting og bringing Når foreldra har levert barnet til ein vaksen har barnehagen ansvar for barnet. Når foreldra hentar, og er komne i barnehagen og har hatt kontakt med barnet (Barnet har sett foreldra) er ansvaret foreldra sitt. Anna må avtalast med personalet.

Måltid; Barnehagen serverer frukost, lunsj og fruktmåltid (m. litt ekstra)
Frukosten er for dei som ynskjer det.

Kle og sko. Barna bør vere kledd i ledige ”arbeids” kle som toler ein støyt. Bruk ikkje finkleda i barnehagen. Det er viktig at barna er kledd etter veret. Vi er ute kvar dag om ikkje været er ekstremt. Barna bør ha innesko eller tøfler, på Haren, Sporven og Bamsen er det best med sklisokkar. Barna må ha rikeleg med skiftekle !

MERK KLE OG SKO !

Ferie Barnehagen held ope heile sommaren. Barna må ha 3 veker ferie i løpet av vekene 26 – 33. I siste del av april må foreldra gje melding til barnehagen om når desse vekene skal avviklast.

Kjøp av ekstra dagar. Dersom det er ledig kapasitet ved ei avdeling, og det elles høver slik, kan barn som høyrer til på avdelinga kjøpe ekstra dagar. I krisesituasjonar kan styrar avgjere at ein kan ta inn ekstra barn.

Behovsprøving Ved jul og påske føretek ein behovsprøving, slik at barnehagen veit kor mange born som kjem. Det er viktig at det reelle behovet kjem fram, slik at flest mogleg av personalet kan bli sett opp på avspasering. Er det mindre enn 5 born påmelde, vert barnehagen stengd.

Betaling Ein betalar for 11 mnd. i året. Vi oppmodar om å nytte autogiro. August mnd. er betalingsfri:

Oppseiing av plass. Det er ein månads oppseiing. Seier ein opp plassen med verknad frå 1. mai og utover må ein betale ut barnehageåret.