Nyhetsarkiv

  • Er DU kokken vår?

    Anni som har jobba som kokk hos oss i snart 2 år står på flyttefot til Eikefjorden og har fått seg jobb i Florø. Det er trist for oss at ho sluttar, men likevel ikkje heilt uventa.
    Vi ynskjer ein faglært kokk på kjøkkenet som kan tilby ungane ernæringsmessig rett samansette måltid som både ser innbydande ut og smakar bra. Kokken har hovudansvaret for å utvikle måltida til å bli varierte og sunne i samarbeid med oss. Kokken må også kunne bake noko brødmat, og hjelpe oss og kunne tilby større spekter av ulike rettar og spanande smakar.

  • Alfa har ryddedag!

    I dag har vi hatt dugnad i barnehagen med Alfa ungane! Vi har rydda i skuret, vaska alle leikane og syklane, også kasta vi alt som var øydelagt. Dei var kjempe flinke til å hjelpe:)

  • Ungane på reven lagar bjørkesirup

    Den siste tida har vi tappa bjørkesevje frå nokre bjørker ved barnehagen.
    I bålhuset har den kokt inn til bjørkesirup.

  • Stor stas med kyllingar i barnehagen :-)

    I dag har det blitt født to flotte kyllingar i Gamlevegen. På biletet kan de sjå i bakgrunnen at nr 3 er på veg til å bli fødd. Dei aller fleste av borna har vore innom og kikka på kyllingane i dag. No medan dei er så nyfødde kan vi berre sjå men ikkje røre, og vi har snakka stillare enn vanleg når vi har vore inne for å sjå på dei.

  • Vikariat :) i dei viktigaste jobbane

    Års-vikariat: 100% pedagogisk leiar og 100% fagarbeidar.

    Vikariatet som pedagog kan bli fast.
    Ved internt opprykk kan det bli ledig fleire fagarbeidarstillingar, eventuellt i ulike storleikar.

  • Vi er med på "inkluderande barnehage og skulemiljø"

    Vi jobbar med dette saman med heile den nye Sunnfjord kommue :)
    Deltakarane skal jobbe med trygge og gode barnehage- og skulemiljø, regelverk, organisasjon og leiing og lære meir om å førebygge, avdekke og handtere mobbing.

  • Ledig vikariat som fagarbeidar/ assistent søknadsfrist 1. mars

    Vi får fleire nye barn frå mars- april og treng difor fagarbeidarar / assistentar frå 12. mars og 2. april.
    Det vil verte ledig inntil 2 100% stillingar. Dette er litt avhengig av kor mange av barna som takkar ja til plass.

    Frå hausten vil vi komme til å lyse ut 100% vikariat som pedagogisk leiar og truleg også fagarbeidar. Dette vil bli annonsert i mars. Stillingsprosent som fagarbeider er avhengig av antal barn som søkjer/tek i mot plass.
    Vi vil og trenge sommarvikar for kokk :)

  • Foreldreundersøkinga 2017

    Takk for god innsats! :) Over 80% har svart på undersøkinga, det er faktisk kjempeflott!
    Det er veldig mange positive og kjekke tilbakemeldingar, vi er svært glade for at dei aller fleste er så godt nøgde med barnehagen vår.
    Vi ser at det som alle skårar høgst er trivselen til ungane. Det er vi spesielt glade for då dette er det vi ser på som det aller viktigaste. Vi er glade for at foreldra opplever og uttrykkjer det så klart. Vi ser at de foreldre opplever at barnet er trygge på dei vaksne, og at dei vaksne er engasjert i barnet og tek omsyn til dei behov barnet har.

  • Kva finn vi i enden av spora?

    På tur i skogen finn nokre gutar frå Reven eit spor dei vil følge. Sven veit at det er revespor, og ungane er spende på kva dei vil finne. Kanskje dei vil finne eit bytte som reven har spist på?

  • Foreldrekurs 26.02 og planleggingsdag 27.02.

    Vi er så heldige å få kurs med barnepsykologspesialist og kognitiv terapeut Solfrid Raknes. :-)

  • Juletre vert til

    Målestokken må fram når dei skal lage juletre på Ekornet :)

  • Endring! Foreldremøte er torsdag 21. september :)

    Det vert i år felles foreldremøte for alle ungane frå Gamlevegen og Steiavegen.
    Det vert Steiavegen den 21. september.

    Dere vil få innkalling etter helga.

  • Ny rammeplan :)

    Barnehagane har no fått ny flott rammeplan.

    Den inneheld oversikt over det aller viktigaste i barnehagen.
    Den er ikkje så ulik den forrige utviklingsplanenplanen, men kortare og tydelegare!


  • Vi gler oss til å ynskje nye og "gamle" barn og foreldre velkomne til nytt barnehageår :-)

    Etter 2 gode planleggingsdagar er vi klare til å ynskje velkommen til nytt barnehageår. :-D Spesielt torsdagen var lærerik og nyttig. Vi var så heldige å ha Gerd Abrahamsen, førsteamanuensis emerita ved institutt for barnehagelærarutdanning ved Universistet i Stavanger hos oss. Ho lærte oss meir om samspel og tilknyting. Vi fekk meir kunnskap om kva faktorar som påverkar og kva omsyn vi må ta når vi jobbar for at barnehagen vår skal vere ein god arena for borna si psykososiale utvikling og læring.

  • Vi minner om at torsdag 17. og fredag 18. aug har vi planleggingsdagar :-)

    Sidan det er lenge sidan de fekk ut beskjed, minner vi om planleggingsdagane, då barnehagen er stengd. Då gler vi oss til å ha kursdag med Gerd Abrahamsen som er førsteamanuensis emerita i pedagogikk ved Universitetet i Stavanger. Ho skal lære oss meir om samspel og tilknyting. 😊😊

  • Vi treng deg i den viktigaste jobben!

    Pedagogisk leiar, 100% fast frå 14.08.17 og pedagogisk leiar 100% årsvikariat frå 01.08.17

    Vi har også sommarjobb for kokk :-)



  • Kyllingar i barnehagen :-)

    Den siste tida har det vore litt ekstra kjekt i barnehagen. :-) Maren har tatt med seg rugemaskin med mange ulike typar egg, så borna skal få oppleve prosessen frå egg til kylling. Sist tysdag då vi kom i barnehagen var det to nyfødde små kyllingar i rugemaskina.

  • "UTVIKLINGSPLAN 2017" har blitt sendt ut på e-post til alle foreldre

    De finn den også her på heimesida ved å klikke på lenka "Verdiar", deretter går du vidare på "Planar" og rullar nedover til du finn "UTVIKLINGSPLAN 2017"

  • Storfint besøk i Gamlevegen :-)

    I dag har vi hatt besøk av både ekte verpehøns, påskeharen Maren og tullehøna Inger i barnehagen.

  • Er DU kokken vår?

    Vi ynskjer no ein faglært kokk på kjøkkenet. Ein kokk som kan bidra til at barnehagen kan tilby ungane ernæringsmessig rett samansette måltid.

    Kokken får hovudansvar og skal i samråd med resten av personalet utvikle plan for varierte og sunne måltid i barnehagen. Kokken får ansvar for å lage noko brødmat, og vi vil kunne tilby større spekter av ulike rettar og spanande smakar.



  • Opptak :)

    Vi minner om at hovudopptaktet til barnehagane i Gaular er 1. mars. Dei som har fått plass beheld plassen til dei byrjar på skulen. Ynskjer du å endre plassen kan du og gjere det i det kommunale søkesystemet på nett, helst no før 1. mars.

  • Pedagoisk leiar frå snarast

    Vi treng deg til den aller viktigaste jobben!.

  • Da får dei vaksne meir tid til å leike med oss :)

    Ungane fortel Tone Merethe Lillevangstu om korleis det vert med kokk :) og litt til ;)

  • NRK på vitjing

    Tone Merete Lillevangstu pratar med ungane om korleis det vert med kokk i barnehagen.
    Følg med på NRK Sogn og Fjordane på ettermiddagsendinga på mandag :)

  • Er du kokken vår?

    Vi ynskjer no ein faglært kokk på kjøkkenet. Ein kokk som kan bidra til at barnehagen kan tilby ungane ernæringsmessig rett samansette måltid.

    Kokken får hovudansvar og skal i samråd med resten av personalet utvikle plan for varierte og sunne måltid i barnehagen. Kokken får ansvar for å lage noko brødmat, og vi vil kunne tilby større spekter av ulike rettar og spanande smakar.

  • Kokk i Sande barnehage

    Vi ynskjer oss no ein faglært kokk på kjøkkenet. Ein kokk som vil hjelpe oss å kunne tilby ungane eit godt og ernæringsmessig riktig samansett måltid. Nye sunne smakar og spanande lukter og farga?

  • Lesegledar Gard kjem til Steiavegen

    I samband med prosjektet nynorske lesefrø får Steiavegen vitjing av Gard Eitungjerde Høyvik.

  • Ledige stillingar

    Frå januar opnar vi Bamsen, der har vi 9 eittåringar. Vi vil då trenge ein pedagogisk leiar og 2 fagarbeidarar/ assistentar. Nokre av dei nye stillingane vert på andre avdelingar, då vi finn det best å blande nye og gamle personale litt. Søknadsfrist 19. november

  • Sande barnehage, registrert på Framtidsfylket

    Sande barnehage har no registret seg i Framtidsfylket. Vi håper det vil vere ein plass å få profilert barnehagen i høve til nye arbeidstakarar, men og til å syne Gaular, Sande og barnehagen som ein god plass å vere.

  • Auka foreldrebetaling frå nyttår

    Nye betalingssatsar frå nyttår, for heil plass vert prisen kr. 2 655,-



  • Ingen avvik ved kommunalt tilsyn :)

    2. september hadde kommuen tilsyn med barnehagen. Tema for tilsynet var innhald og rammevilkår. Vi er stolte og glade over at vi ikkje fekk avvik.

  • Gratis kjernetid, og moderasjon for deg med lav inntekt.

    Stortinget har fastsatt ein maxpris for foreldrebetaling. Nytt i 2015 er at familiar med ei samla inntekt lavare enn kr 473 000, kan søkje kommunen om redusert pris. Det er og gratis kjernetid for alle 4 og 5 åringar om familien har under 405 000 i inntekt.

  • Nynorske lesefrø

    Alle barnehagane i Gaular er med på Nynorske lesefrø. Vi har fått kvar vår pakke med nynorske bøker og vi vil fokusere på å lese litt oftare enn elles. Biblioteket vil og komme med fleire bøker vi får låne. Etterkvart vil ungane og få låne bøker med seg heim.

  • Sauer på sommarjobb i Gamlevegen

    I sommar vil fire lam og to vaksne sauar ha sommarjobb med å ete opp alt graset i den store skråninga i barnehagen.

  • Stilling som assisterande styrar

    Sande barnehage har frå 10.08.2015 ledig stilling som assisterande styrar.

  • Rekord på barnehagebasaren

    Takk for flott innsats på barnehagebasaren!!
    Vi nådde ny rekord med 55 000 kroner i overskot!
    Dette skal ungane få mykje glede av!
    Takk til nemnda, til forelde og næringsliv for storarta innsats !!

  • Fast stilling som pedagogisk leiar

    Vi treng deg til den aller viktigaste jobben!
    Vi treng frå hausten to pedagogiske leiarar i faste stillingar.

  • Barnehagedagen 2015

    Vi vil ut!

    Vi inviterar poilitikar og tilsette på kommunehuset med :)

    Tysdag 10. mars 2015

    Markeringa i Sande barnehage vert i skogen og uteområdet vårt i Steia kl. 10

  • Nissefest i Gamlevegen 2014

    Nissefest i Gamlevegen :-)
    Både barn og vaksne kosar seg med julesong og julespel:-)

  • Tangentar på tur

    16. januar kjem Dorina Komani til Steiavegen og held konsert. Når Dorina kjem til barnehagen har ho med seg 52 kvite tangentar og 36 svarte som ho skal bruke til å framføre musikk av både Mozart og Grieg. Dorina kjem opprinneleg frå Albania, men har studert musikk i Norge med nokre av verdas beste norske pianistar, mellom andre Leif Ove Andsnes, Håvard Gimse og Wolfgang Plagge. På konserten vil det i tillegg til sjølve musikkopplevingane bli lagt vekt på at borna skal vere aktive på ulike måtar, og dei vil også få møte ein kjempesnill trollmann.

  • Planleggingsdag 2.Januar 2015

    Planleggingsdag fredag 2. januar!
    Beklagar, denne beskjeden skulle de ha hatt litt før, men vi håpar dette er ein dag som passar godt for alle dei som har barn på skulen som har fri. Vi har lovd å prøve nytte slike dagar når det passar.

    Barnehagen er stengt denne dagen! Første dag etter nyttår vert måndag 5. Januar 2015

  • Planleggingsdagar 14 og 15 august

    Barnehagen har planleggingsdagar torsdag 14 og fredag 15 august.

    Mandag 18.august ynskjer vi gamle og nye ungar og foreldre velkomne :)

  • Fast stilling som pedagogisk leiar

    Vi søkjer frå snarast:

    Pedagogisk leiar i 100 % fast stilling
    ev. inntil 100% vikariat barne- og ungdomsarbeidar, v. internt opprykk, ev. og mindre delar.

  • Ei trist tid i barnehagen

    Laurdag morgon dø ‎Lill- Merethe Aakvaag Eidsheim, som jobba på Reven, i heimen i Førde.
    Lill kjenner vi alle som ei sprudlande glad, energisk og kreativ jente som vi alle vart glad i. Vi finn det uvirkeleg og trist.
    Lill rakk fylle 30 år, ho var klar til å reise på ferie og gleda seg til det. Ho gleda seg og til å ta til på sitt andre år i jobben som pedagog i Sande barnehage, det fikk ho aldri høve til.
    Vi kjem til å sakne ho både store og små.

  • Charlie på brannstasjonen

    Treåringane har vore på brannstasjonen. Dei fekk møte Per Otto som er brannmann, og dei såg på brannbilane. Dei modigaste fikk og prøve brannslangen :) Kjekk oppleving :) etterpå grilla dei ved elva. Sjå album

  • Dugnad våren 2014

    Vi kaller i desse dagar inn til dugnad i både Gamlevegen og Steiavegen. Vi har både oppryddingsarbeid på gang og litt bygging, men det aller viktigaste er arbeidet med sikring. Vi i Steia må gå over gjerdet, vi må sage nokre tre som er rotne og fylle sand i områder som er våte. I Gamlevegen vil vi ta vekk gamal sklie, skifte fallsand til matter og sikre nokre leikehus.

    Vi har god erfaring med flotte foreldre som stillar opp på dugnad og slik rekanr vi med det vert i år og :)

  • Foreldremøte vår 14

    Tema for kvelden var korleis både tilsette i barnehagen og foreldre kan vere gode og trygge vaksne for barna!
    Referat finn de om de klikkar inn i saka

  • Alfa og Bravo helsa på dronninga

    Vi var Åmodt Operagård for å helse på dronning Sonja.
    Det var kjekt! Ungane sang og fikk pølse og brød :) Du kan følge med på TV 2.



    album er no lagt ut på foreldresida

  • Takk for super innsats på barnehagebasaren!

    Det vart eit overskot på omlag 50 000,-

    For ein fantastisk innsats på barnehagebasaren!!
    Både av nemnda og alle foreldra! Og flott sang av ungane!

    No skal det bli sklie i Steia og kanskje sanserom i Gamlevegen..
    Leiker av ulikt slag vert det og råd til!!

    Tuusen takk frå ungane og alle som jobber i barnehagen!

  • Ledige stillingar

    o Pedagogisk leiar, inntil 300 % fast og vikariat i varierande storleik

    o Barne- og ungdomsarbeidar, ev. inntil 100% vikariat v. internt opprykk, ev. og mindre delar.

  • Barnehagedag 2014

    Eg har noko å sei! Er slagordet for barnehagedagen 2014. Ungane har laga sine lover for korleis dei vil vi skal ha det saman og vere mot kvarandre. Vi har snakka om retten til å bli høyrd.I dag vil vi levere desse lovene til ordførar Mathias Råheim.

  • KARNEVAL

    Fredag 28 februar var det Karneval i Sande barnehage.

    Foreldra i Steia finn no bilete her :)

  • Nissen kom!

    Her er link til Vestlandsrevyen :) kos dere :)

  • Nissefesten i Steia på Vestlandsrevyen

    I år fekk kom ei koseleg nissemor og den vesle hesten hennar på vitjing til Steiavegen. Vi inviterte likså godt NRK og på besøk, og dei kom :)

  • Foreldrebetaling

    Foreldrebetalinga auka frå januar 2014

  • Julepynting med foreldra :)

    Onsdag 27. desember i Gamlevegen og torsdag 28. i Steiavegen er foreldra med å julepynte barnehagen :)

  • Ungane feira og "tante" Milda som har gått inn i pensjonistenes rekker :)

    Avdelingane laga bilder og overrekte Milda. Ungane i Steiavegen kosa seg med kylling, ris og salat, saman med ungane frå Hunden og Katten. Milda lover å vere her som vikar, så vi vil heldigvis holde på kontakten :)

  • Sande barnehage feirar «tante» Milda, vil du vere med?


    Var ho ”barnehagetanta ” di, eller til ungane dine?

    Etter 42 år i barnehagen har ho gått over i pensjonistenes rekker.
    laurdag 9. november på Sande Kro!

  • Planleggingsdag 05. november

    På tur med barnet rundt sirkelen.

    Vi får Camilla Voss og Marianne Holsen frå BUP som fortel om tryggleikssirkelen.
    Planleggingsdag for alle barnehagane i kommunen.

  • Foreldremøte

    Steiavegen, mandag 02.09 og Gamlevegen, tysdag 03.09. Begge stader klokka 20,oo

  • Snart sjåast vi!

    17. august ser vi fram til å møte nye og gamle, barn og foreldre! Personalet har planleggingsdag den 16, så da held vi stengt.

  • Planleggingsdag 26. april

    Det vert planleggingsdag 26. april. Barnehagen er stengt!

  • Barnehagedagen 12. mars

    Nok tilsette og tilsette med kompetanse vil gjere barnehagen til den beste starten! Vi har invitert ordførar, skulesjef og formannskap på vitjing for å sjå ein dag med leik og læring.

  • Pliktig dugnad for foreldre med barn i barnehagen

    Nytt i vedtektene! Årsmøtet i Sande barnehage vedtok 12 februar å setje inn nytt punkt i vedtektene om dugnad.

  • Ringevikarar!

    Sande barnehage treng ringevikarar!

    Vi treng fleire vikarar å ringe til når nokon skal avspasere nokre dagar, eller dei ringer om morgonen og er sjuke.

    Vi vektlegg personlege eigenskapar, og ynskjer engasjerte og positive vikarar som har fokus på barna. Du må kunne jobbe sjølvstendig, men under rettleiing, og ta ansvar.


    Ta kontakt m. barnehagen på; 57716300, Steiavegen eller 57716139 Gamlevegen.


    MVH Eldrid

  • Planleggingsdagar

    25. januar og 18. februar vert det planleggingsdagar i Sande barnehage.
    Vi held då stengt.

  • Alle nissane i Steiavegen

    Alle nissane samlast før juletregang og nissegrøt

  • Luciasang for pensjonistane

    Pensjonistane hadde sitt årlege julebord på Sande Kro. Alfagruppa (Dei eldste ungane) var invitert for å synge. Det gjorde som aom alltid med glans! Til takk fikk dei med seg eit kort og noko i ein konvolutt. For det skal vi lage ei hyggeleg stund for alfaungane. Det vil hjelpe oss på veg til å kunne kjøpe ein CD spelar til kvar avdeling, noko ungane saknar :)

  • Assistentstillingar ledig

    Vi treng tre nye medarbeidarar og håper du vil søkje! Vi vektlegg personlege eigenskapar, og ynskjer engasjerte og positive medarbeidarar som har fokus på barna.

    Vi har nokre, men oppfordrar likevel menn til å søkje !

  • Sunn mat og sterke tenner

    Vi vil i nokre veke framover fokusere særleg på sunn mat! Dette for å leggje eit godt grunnlag for resten av året. Etter nyttår år får vi besøk av tannlegane våre.

  • Fiskesprell

    Steiavegen får besøk av Anita frå A til Å i dag, fredag 3. august. Ho skal skrive ein reportasje om barnehagen som fiskesprellbarnehage.

  • Milda og Eldrid byter jobb frå 15. august

    Milda har fått permisjon frå styrarstillinga og vil gå inn som assisterande styrar. Eldrid er tilsett i vikariatet i 2012/2013.

  • Nye vedtekter

    Årsmøte i Sande barnehage har no vedteke nye vedtekter for barnehagen.
    Du kan finne dei under : om oss, og vedtekter.

  • Sommarfest i Steiavegen

    Velkomen til sommarfest og avslutningsfest for Alfagruppa
    mandag 18. juni kl 17.oo.

  • Nye leikar for basarpengar!

    I dag har vi fått mykje nye leikar i Steiavegen, det har vi kjøpt for pengar vi fekk inn på barnehagebasaren!
    Basketkorg, lego, borg og riddere, magnetar, "arbeidskjøretøy" til sandkassa, nye spel og puslespel, er noko av det vi har kjøpt.

    Takk igjen for god innsats!!

  • Indianer og vennskap

    I dag er det oppstart på det store vårprosjektet om indianarar og vennskap i Steiavegen.

    Det vil komme totempelar og tipiar i uteområdet, og ungane vi gå på sporjakt.

    Sjå album for bilete frå oppstart ;)

  • Barnehagedagen, Sande barnehage på radio - Is på butikken

    I ettermiddagsendinga den 20. vert det reportasje frå Sande barnehage si markering av barnhagedagen. Vi hadde med oss ein hyggeleg reporter på vegen innom kommunehuset, på sjukeheimen og når vi sang ved Spar Sande ;)

    Jarl Tyssekvam kom ut og ga oss is for å feire dagen!

  • Foreldresida

    De foreldre vil få tilsendt e-post med passord etterkvart som vi får lagt alle inn.
    Dersom det er nokon vi ikkje har e-post til, treng vi den for å få lagt dere til.

  • Barnehagedagen


    Årets slagord ’Det beste til de minste’ handlar om kvalitet for liten og stor, som er overordna i ein barnehage av høg kvalitet.

  • Barnehagebasar

    Takk for kjempegod innsats på Barnehagebasaren!

  • Ny heimeside!

    Sande barnehage fikk ny heimeside 14. mars.
    Vi er i full gang med å legge inn likt og ulikt frå den gamle sida og nye ting.

    Det vil nok gå ei tid før den er heilt på plass, men dei viktigaste tinga skal vere inne!
    Gi beskjed om det er noko de saknar!!