To hus

Vi er delt i to hus, Gamlevegen og Steiavegen. I Gamlevegen går ungane på 1og 2 år. I Steiavegen har vi dei tre eldste kulla.

I Gamlevegen har vi;

Haren og Bamsen tek imot dei aller yngste ungane våre. Dei små, "nye" treng rolege omgjevnadar, tid og nære vaksne. Om hausten er dei mykje i ro på avdelingen, leikar ute, eller trillar turar i nærmiljøet. Etterkvart som dei vert tryggare og kjende utvidar dei kontakten med resten av huset.

Hunden og Katten her går ungane det året dei fyller to. No er dei litt meir utforskande og treng litt meir utfordring. Dei leikar meir "saman" spelar, pusler og går lengre "på eigne bein"

 

I Steiavegen har vi;

Reven, Måren og Ekornet, her går det unger frå  den sommaren dei fyller tre til skulestart. Vi er mykje på eigen avdeling, men etterkvart som ungane vert trygge gjer ein fleir ting saman i grupper på tvers av avdelingane.