Sande barnehage, frå 6. september 1971

Frå å vere ein eittavdelings barnehage i kjellaren på skulen, bygde vi i 80 to- avdelingsbarnehage. Hausten 2010 opna vi nytt flott bygg i Steiavegen der vi har ungane over tre år, og ungane under tre år har vi i Gamlevegen! Mykje endring på 30 år, men vi er like friske og raske som for då vi starta... håpar vi!

Sande barnehage starta opp i 1970, i kjellaren på skulen.
Dette var initiert av eit mødrelag, der Astrid Marie Nistad og Berna Aamodt sto i spissen. 

Den tidlegare styraren vår; Milda Skogly Sande opna barnehagen på 25 års dagen sin. Ho vart headhunta, sidan dei hadde hørt at han Kristian hadde fått seg ein kjærast som var førskulelærar.

Hovudbygget i Sande barnehage vart tatt i bruk i 1980.
Først med to avdelingar; Katten og Hunden.

Det var då store diskusjonar i bygda om ein skulle nytte det gamlehuset, som sto på garden Granly, men heldigvis for ungane i Gamlevegen, vart det eit etter tida flott nybygg.

Bamsen kom 1989, loftet i 1994 og Haren vart bygd i 2001

2006 bygde vi ut med to kontor, og større loft.

I tre omgangar frå 1990 har vi nyttta Sporven i garderobebygget til idrettslaget. Mauren i kjellaren til Milda nytta vi frå 2007. Desse nytta vi fram til 2010, då nytt bygg står ferdig.

16 august 2010 flytta vi med dei tre eldste kulla inn i den nye barnehagen i Steiavegen 20.

No håpar vi at vi vil ha plass til ungane i Sande sokn i ei god tid framover!