SANDE BARNEHAGE - ein god plass å vere

Kvardagen i barnehagen består av møte mellom små og store menneske. Vi ynskjer å gjere dessa møta gode og meiningsfulle. Barna skal og få møte ein stimulerande og utviklande stad, der dei lærer, utviklar seg og har det godt. Barnehagen skal vere ein arena for danning. For å få til dette, trengst nære og rause vaksne som har tid å sjå og møte den einskilde.

 

EIN GOD PLASS Å VERE !

Kvar vi står i dag:

Når endringens vind blåser

søker noen ly

mens andre bygger vindmøller.”

Vi håpar at vi stort sett høyrer til den siste gruppa.

Vi prøver å ta signala som kjem frå både sentralt hald,

behov lokalt og ynskjer frå foreldregruppa.

 

Vi har no to pedagogar på kvar avdeling, utanom på Bamsen. Bamsen var stengt ved oppstart, men vil opne att frå nyttår. Kombinasjonen av dyktige og kompetente pedagogiske medarbeidarar og faglege og reflekterte barnehagelærarar må vere eit suksesskriterium Vi ser fram mot eit år i utvikling og nytenking, men og med å ta vare på alle dei gode og viktige verdiane vi har med oss.

 

Vi har som motto; ein god plass å vere!

Ein måte å få det til på er å vere gode i møtet med barn og foreldre.

Alle skal bli møtt og sett. Vi skal i samarbeid med foreldra gjere oppstart og tilvenning så skånsamt og bevisst som mogeleg innanfor dei rammene vi har.

 

Vi har no vald desse verdiane:

  • Dagar fylt med utfordring og motivasjon
  • Ein trygg stad der små og store trivast
  • Ein plass fylt av glede og humor
  • Vi synar kvarandre gjensidig respekt

 

Vi har vore med på eit prosjekt for tidleg innsats. I samband med det har vi laga oppstartsrutinar og oppstartssamtalar for nye barn. Vi ser kor viktig det er med gode avklarande samtalar. Den gode starten legg grunnlag for ei fin tid i barnehagen både for barn og foreldre. Vi vil og legge mykje vekt på tilknytingspersonane, som er viktige for at mange skal få ein god kvardag i barnehagen.  

 

Vi ser litt lysare på den økonomiske framtida. Vi har knytt pengesekken stramt, men kan no begynne å løyse litt på banda. Det vil opne for å la ungane forske meir i ulike formingsmateriell og opne for fleire opplevingar.