/>

Søknad om barnehageplass

Hovudopptaktet til barnehagane i Sunnfjord er 1. mars. Dei som har fått plass beheld plassen til dei byrjar på skulen. Ynskjer du å endre plassen kan du og gjere det i det kommunale søkesystemet på nett. Dersom det er ledig plass i barnehagen, kan barn også få plass utanom hovudopptaket. Vi må då ta omsyn til personaltettleik og kommunen sine teljedatoar. Vi tek ikkje barn inn etter 1. april.

Alt opptak til barnehagen skjer på nett.  

Følg lenka og du kjem rett til dei kommunale opptakssidene. Sunnfjord kommune, barnehageopptak

Ynskjer du å auke / redusere barnehageplassen må du også melde det her!

Du loggar inn med ID-porten.

Det er eit hovudopptak til Sande barnehage, der er søknadsfristen 01.mars.
Opptakskriteria finn ein i vedtektene for barnehagen.

Ein kan søkje barnehageplass utanom søknadsfristen 1. mars, men ein bør søkje minimum 6 månadar før ein ynskjer plass. Vi prøver å tilpasse etter behov, men for å ta inn barn må vi ofte justere bemanninga og treng tid til å evt. lyse ut stilling, gjere intervju og tilsetje. Vedkommande har gjerne ei oppseiingstid vi også må ta omsyn til.  

Om ein ynskjer barnehageplass seinare enn 1. april må ein vente til nytt barnehageår startar i august.  Årsaka er at borna treng god tid på å bli kjende og trygge i barnehagen før vi tek til med ferieavvikling der avdelingane i større grad samarbeider/blir slegne saman, og det vert litt fleire vaksne og barn å forhalde seg til.