EIN GOD PLASS Å VERE ! Kvar vi står i dag: ” Når endringens vind blåser søker noen ly mens andre bygger vindmøller.” Vi håpar at vi stort sett høyrer til den siste gruppa. Vi prøver å ta signala som kjem frå både sentralt hald, behov lokalt og ynskjer frå foreldregruppa.
Vi har no to pedagogar på kvar avdeling, utanom på Bamsen. Bamsen var stengt ved oppstart, men vil opne att frå nyttår. Kombinasjonen av dyktige og kompetente pedagogiske medarbeidarar og faglege og reflekterte barnehagelærarar må vere eit suksesskriterium Vi ser fram mot eit år i utvikling og nytenking, men og med å ta vare på alle dei gode og viktige verdiane vi har med oss.
Vi har som motto; ein god plass å vere! Ein måte å få det til på er å vere gode i møtet med barn og foreldre. Alle skal bli møtt og sett. Vi skal i samarbeid med foreldra gjere oppstart og tilvenning så skånsamt og bevisst som mogeleg innanfor dei rammene vi har.
Vi har no vald desse verdiane:
Vi har vore med på eit prosjekt for tidleg innsats. I samband med det har vi laga oppstartsrutinar og oppstartssamtalar for nye barn. Vi ser kor viktig det er med gode avklarande samtalar. Den gode starten legg grunnlag for ei fin tid i barnehagen både for barn og foreldre. Vi vil og legge mykje vekt på tilknytingspersonane, som er viktige for at mange skal få ein god kvardag i barnehagen.
Vi ser litt lysare på den økonomiske framtida. Vi har knytt pengesekken stramt, men kan no begynne å løyse litt på banda. Det vil opne for å la ungane forske meir i ulike formingsmateriell og opne for fleire opplevingar.
|