Sjå her: Når barnet ditt seier det berre har leika:
Gjennom leiken bearbeider barn opplevingar og inntrykk. ”Late som om” leiken er eit viktig aspekt i denne alderen. Dei kan prøve ut ulike roller og måtar å vere på. Dei prøver å skape meining i det dei opplever. Dei utviklar innsikt om seg sjølve og andre.
Leiken er viktigaste fora for å utvikle det sosiale samspelet mellom barna.
For dei yngste barna er den kroppslege leiken den rådande. Dei treng god plass og rom for å bevege seg og utforske.
Det er viktig at dei vaksne er tilstade, veit kva som går føre seg, og kan rettleie når nokon treng det. Dette gir tryggleik i situasjonen. Men det er óg viktig at dei vaksne ikkje tek over og styrer leiken i for stor grad. Det vil ta initiativet og engasjementet frå barna.
Barna skal altså få tid, plass og ro til å leike.
Barnehagen prøver å kome dette i møte ved å samle aktivitetar, slik at barna får leike i lengre periodar utan å bli avbrotne. Vi har dagar med fleire organisere aktivitetar, og dagar som er rolegare.
Ved å gje opplevingar i nærmiljøet ynskjer vi å gje impulsar og inspirasjon.
Rammeplanen seier: ”Barnehagen skal fysisk og organisatorisk legge til rette for variert leik. Barnehageinnhaldet bør inspirere til fantasi, skaparglede og livsutfalding. Personalet må vere tilgjengeleg for barna ved å støtte, inspirere og oppmuntre i leiken”