Vi har samla avdelingane kring hjartet i barnehagen vår, Hjortefaret. Vi har byggerom, barnas kontor, formingsrom, musikkrom og stort kjøkken knytt inn mot Hjortefaret. Vi driv ulike prosjekt i felleskap, og ungane nyttar alle romma i leik og aktivitet. Vi ynskjer å ha avdelingstilknytning, men samtidig vere eit stort felleskap.
Vi har og ulike fagområde med to ansvarlege på kvart.
Musikk/ drama, forming, barnas kontor, tur/ uteliv og kjøkken. Det er ofte desse gruppene vi nyttar når vi jobbar med ulike tema. I periodar får ungane velge mellom desse aktivitetane, andre gonger fordeler vi dei
Hjortebrølet barnekor
kan dei to elste kulla velge å vere med i. Dette er eit kor for dei som liker ekstra godt å synge og vil gjere det litt oftare. Og, som elles på kor og andre frivillige aktivitetar er det regler for korleis det er forvente ein skal oppføre seg. Er ein ikkje i koret for å synge, kan ein heller velge ein annan aktivitet ei stund. så får dei nytt tilbod om å bli med til neste prosjekt!
Vi har og aldersinndelte grupper
Alfagruppa; Dei eldste som skal begynne på skulen.
Bravogruppa; Dei som fyller fire år dette året
Charliegruppa; Dei yngste i Steia, som fyller tre dette året.