Tilsyn frå ulike hald :)

Vi får med ujamne mellomrom folk innom for å føre tilsyn med barnehagen. Kommune, arbeidstilsyn og mattilsyn. Her vil vi legge ut desse tilsyna og målingar vi er med på. Ved sist tilsyn frå kommunen var vi er stolte og glade for at det ikkje vart påvist nokre avvik. I tillegg har vi sjølve valt å bestille inn tilsyn som kontrollerer uteleikar og uteområde, så vi veit at det er trygt nok for borna våre.

Tema for sist tilsyn frå kommunen var:

1. Barnehagen sine rammevilkår ( samarbeidsutval, personalet, opplysningar om borna )

2. Barnehagen sitt innhald ( årsplan / handlingsplan, samarbeid med foreldra, barnehagen sitt arbeid med språk og born sin medverknad )

Vi hadde først eit møte der Gro og Eldrid la fram ulike rutinar og dokument for skulesjef Bjørnar Fjellhaug.

Etter dette møtte alle dei pedagogiske leiarane, og vi presenterte korleis vi dei siste åra har jobba med tilknyting og god oppstart. Vi var og innom medverknad og språkstimulering.

Etter arbeidet med tilknyting ser vi at personalet er blitt betre på å sjå borna, forstå og setje ord på korleis dei har det. Foreldra syner også interesse og vi opplever at dei set pris på fokuset på tilknyting og godt samarbeid.