Alfagruppa, dei som skal begynne på skulen

Alfagruppa er dei ungane som skal begynne på skulen neste haust. Dei samlast ein gong i veka gjennom nesten heile året og har mange ting dei finn på.

Under tradisjonar kan du finne ein del av dei faste tinga Alfagruppa gjer kvart år.

Kommunen har utarbeidd ein plan for det siste året i barnehagen

Den finn du her: Overgang barnehage - skule

Målsetnad: Vi skal i fellesskap hjelpe barna til å oppleve;

Overgangen mellom barnehage og skule som god og forutsigbar.Det må leggjast til rette for at barna kan ta avskjed med barnehagen på ein god måte, gle seg til skulen og oppleve at det er ein samanheng. (Rammeplan s. 53)

Barnehage

Mål for barna som går siste året i barnehage:

  • Ein god overgang mellom barnehage og skule.Barna skal siste året i barnehagen få opplevingar og aktivitetar;
  • som gjer dei best mogleg førebudd til livet og til å starte på skulen.oppleve ein positiv avsluting på tida i barnehagen.

Barnehagen skal siste året særskilt arbeide med:

  • Vennskap og sosial kompetanse.
  • Barna skal bli kjend med dei dei skal gå på skulen saman med.
  • Dei skal lære seg å knyte vennskap,
  • utvikle eit godt sjølvbilete,
  • lære seg å syne omsorg for og respektere kvarandre.
  • Utvikle seg som sjølvstendige personar.
  • Barna skal opparbeide gode vaner og vere mest mogleg sjølvhjelpne. Eks. påkledning, orden og reinsemd.
  • Dei skal halde fokus, ta imot beskjedar, gi respons og meistre turtaking.
  • Få høve til å utvikle nødvendige ferdigheter.
  • Møte fin og grovmotoriske utfordringar.
  • Meistre turar i skog og mark.
  • Handtere enkle reiskap, og utstyr som saks og blyant.
  • Ha opplevd og prøvd ut enkle digitale verktøy.

Viktige stikkord:

 -  opplevingar  -  fellesskap  -  utforsking  -  utfordringar  -