Tradisjonane våre

Vi har ein del tradisjonar i barnehagen, nokre har vi hatt i alle år, andre er nye. Rammeplanen seier; personalet må la den kristne kulturarven komme til uttrykk mellom anna gjennom høgtidsmarkeringar, og markere andre religiøse, livsynsmessige og kulturelle tradisjonar som er representert i barnehagen.

Målsetjingane med tradisjonane våre;

Bli kjend med tradisjonar i norsk kultur og eigne tradisjonar i barnehagen.Glede og forventning ved gjenkjenning.Bli kjend med tradisjonar frå andre kulturar.

Presentasjonen føl årsrytmen:

Tannpleiar
Vi lærer om sunn mat og tannstell og får besøk av tannpleiar. Vi har to veker med der vi fokuserer på på sunn mat og vi tek oss ekstra god tid.

Juleførebuing
Vi presenterer juleevangeliet for barna. Vi har adventstund der vi tenner lys og syng julesongar. Elles bakar vi, lagar julegåver og pynt.

Songstund med skulemusikken i Hjortefaret, i Steiavegen.

Juleverkstad Foreldra vert invitert til å lage ein dekorasjon saman med barnet.

Nissefest Barn og tilsette kler seg som nissar, et julegraut og går kring juletreet. Kanskje kjem det ein ”ordentleg nisse ?

Julegudsteneste Vi går i kyrkja, presten fortel, vi syng og 5-åringane har julespel.
Her er foreldre, sysken og andre hjarteleg velkomne.

Lucia
Når Lucia ikkje fell på helg, bakar 5-åringane Lussekattar, vi går Luciatog og et bollar.
5 åringane går til dei yngste klassane på skulen, deler ut bollar og syng. Dei vitjar og dei små i Gamlevegen, og etterpå samlast vi i Steiavegen i bålhuset for sang og lussekattar.

Fastelaven
Vi lagar fastelavensris og kosar oss med fastelavensbollar.

Karneval
Vi kler oss ut og har det morosamt. Dei som vil vert sminka.
Vi syng dansar samba, et pølse med brød og "slår katta ut av sekken"

Påskeførebuing
Vi fortel om kvifor vi feirar påske og lagar påskepynt.

Besøk frå kyrkja Presten eller ein annan frå kyrkja vitjar oss og snakkar om påska.

Påskefrukost Foreldra vert inviterte på frukost.

Pinsebesøk i kyrkja.
Treåringane vitjar kyrkja og får omvising.

17 mai
Vi snakkar om kvifor vi feirar 17 mai, øver oss på nasjonalsongen og på å gå i tog.
Dei siste åra har barn frå skulemusikken spelt i toget.

Sommarfest
Avslutning for dei eldste og fest for alle barna.
Vi gjer stas på dei som skal slutte, dansar og har det kjekt.
Her prøver vi å få med ein lokal spelemann / dame.

Bursdagsfeiringar
Barnet får velje noko å bake, vi syng og barnet vel bok vi les.
Bursdagsbarnet får gruppebilete med heim.

I Steiavegen feirar vi bursdag for alle som har bursdag same månad den siste fredagen i månaden. Da vel dei meny for dagen, vi lagar fest i Hjortefaret og dei får sitje i høgsete

Tradisjonar frå andre kulturar
Når vi har barn frå andre kulturar eller tradisjonar i barnehagen,
vil vi prøve å gjere oss kjende med deira tradisjonar.