Overgong frå Gamlevegen til Steia

Om våren byrjar vi førebu overgang frå Gamlevegen til Steia. Vi ynskjer å gjere den så kjekk som mogeleg for både barn og foreldre. Vi skal dele i gode grupper og vi skal bli kjende med kvarandre og med huset.

 

Mål :
  • Vi ynskjer ei god inndeling i nye avdelingar. Inndelinga av ungar til ny avdeling må ta omsyn til barnets beste. Har han/ ho ein ven? Kven leikar godt i lag, er det nokon vi trur kan passe saman og bli vener? Ein må og ta omsyn til dei ungane som alt er på avdelinga.

    (Er det andre omsyn vi må ta i fordelinga, må dei vurderast nøye opp mot kor viktig etablerte vennskap er!)

  • Overgangen skal vere så god som mogeleg for ungane og foreldra. Bli kjend med hus, personale og nye barn.

  • Informasjon til foreldra skal vere oversiktleg og god, og kome ut i god tid.

    KVA og kor tid

    KORLEIS

    April:

    - Barn fordelt på avdeling

    Mai

    - vaksne får vite kvar dei skal vere til hausten

    Fordeling av barn på dei ulike avdelingane i Steia

     

    Besøke Steia ca 1 gang pr veke frå medio april.

    Barna vitjar avdelingane dei skal starte på til hausten

    Barna et nokre gonger lunsj i Steiavegen

    Dei vaksne gjer seg kjende med dei nye ungane

    Prøve å nytte dagar når Alfagruppa er borte (dei som skal begynne på skulen)

    Sjølvstendetrening i Gamlevegen

     

    Ein bruker litt tid på å øve seg på påkledning  og avkledning, ein har smørjemåltid og samlingstunder.

    Dei ungane som er klar for det øver seg på å gå på do

    Medio Juni. Foreldra hentar i Steia. Bli kjend med og ha foreldrekaffe 15 – 16.30 i Steia.

    Ungane er denne dagen i Steia og foreldra hentar der.

    Vi serverer kaffe, te og frukt  på den avdelinga barnet skal vere på og legg til rette for en prat, omvisning på avdelinga og av huset.

    Tidleg juni:

    Velkomstbrev til foreldre.

     

    Det går ut brev om sommarferien og om oppstart på ny avdeling. Barna får oversikt over kva ungar som vil gå på avdelinga og personalet. Dei får og vite kven som vert tilknytingspersonen deira.

    Oppstart i Steia

    Det vert overføring av informasjon i høve barna.

    Første dag i nytt hus vert grupa delt i to, der eine gruppa kjem tidleg og har 3 timar og neste gruppe på slutten av dagen.  Pedagogisk leiar avtaler tid med foreldra.

    Alle avdelingane har tidlegvakter og seinvakter første månaden.

    Tilknytingspersonen er viktig i overgangen mellom to hus. Den skal ta ekstra ansvar for ”sine ungar” , men og passe på at dei etter kvart får kontakt med alle på avdelinga.