Verdiane våre

Dagar fylt med utfordring og motivasjon. Ein trygg stad der små og store trivast Ein plass fylt av glede og humor Vi syner kvarandre gjensidig respekt.

 

 

Dagar fylt med utfordring og motivasjon

  • På avdeling/ gruppe, retta mot ungane tenkjer vi å:
    • Legge til rette for spanande aktivitetar og skape magiske stunder

    • Utforske og undre seg over smått og stort

    • La barnet prøve sjølv og oppleve meistring

 

  • I forhold til kollegaer tenker vi det er viktig at:
    • Utfordre og støtte kvarandre fagleg.

    • Gje og ta ansvar.

    • Følgje opp når nokon tek initiativ.

 

  • For å syne dette til foreldra må vi:
    • Pedagogisk dokumentasjon og syne i bilete, tekst og utstilling kva vi jobbar med.

    • Tid til samtale ved bringing og henting.

    • Månadsbrev, kva vi har gjort og kva vi skal gjere

       

Ein trygg stad der små og store trivast

  • På avdeling/ gruppe, retta mot ungane tenkjer vi å:
    • Legge til rette for venskap.

    • Bli sett som dei er og bli lytta til.

    • Trygge vaksne med store varme fang.

    • Møte barna om morgonen med smil og takke for dagen i lag.

       

  • I forhold til kollegaer tenker vi det er viktig å:

    • Vere ein å stole på og syne at ein trur godt om kvarandre.

    • Helse på kvarandre, sei god morgon og hadet.

    • Vere imøtekommande og støttande.

       

  • I høve til foreldra skal vi :

    • Ta initiativ til kontakt, og syne at vi ynskjer bli kjend med deg og barnet ditt.

    • Sjå dei og barna, bry deg og syn at du likar dei!

    • Følgje opp avtalar og beskjedar

 

Ein plass fylt av glede og humor

  • På avdeling/ gruppe, retta mot ungane tenkjer vi å:
    • Engasjerte og delaktige i leik, humor og kreativ utfalding.

    • Song og drama i kvardagen    

    • Ta imot impulsar frå barn og vaksne

    • Le med dei

       

  • I forhold til kollegaer tenker vi det er viktig å:

    • Spøke og le med kvarandre

    • Vere smilande og imøtekommande

    • Kommentere positive ting som skjer

    • Setje pris på at vi er ulike

       

  • I høve til foreldra må vi :

    • Syne resultat av kreative innslag gjennom bilete tekst og utstilling

    • Vi deler kvardagshistoriar

    • Invitere foreldra inn i aktivitetar, utfordre dei til detaking.

 

Vi synar kvarandre gjensidig respekt

  • På avdeling/ gruppe, retta mot ungane tenkjer vi å:
    • Trene ungane i å sjå og lytte til oss og kvarandre.

    • Imøtekommande og møte ungane der dei er.

    • Bekrefte og støtte dei på kjenslene deira.

    • Rettleie dei i handtering av kjensler og idear.

       

  • I forhold til kollegaer tenker vi det er viktig å:

    • Å vere rause med kvarandre og snakke godt om kvarandre.

    • Vere lojale mot det vi har bestemt.

    • Vi tek ting opp med den det gjeld.

    • Verdsette ulik meiningar. Skilje sak og person og møte den einskilde ut frå eigne føresetnader og behov.

       

  • I høve til foreldra må vi :

    • Ta foreldra på alvor

    • Vere tydeleg og ærleg, men og audmyk.

    • Ikkje snakke i garderoben over hovudet på ungane og andre foreldre, ta initiativ til å gå tisides, eller avtal eit lite møte.

    • Er det noko vi grublar på, ta det opp tidleg.