Danning

Å hjelpe ungane på si danningsreise er ei av dei viktigaste oppgåvene til barnehagen. Vi skal hjelpe ungane i å bli "den beste av seg sjølv" . Finne sin måte og sine fortrinn, og lære å nytte det til beste for helheten og seg sjølv. Vi skal lære dei å bli ansvarsbevisste medborgarar i eit demokrati.

Rammeplanen seier; "Danning er meir enn utvikling, meir enn læring, meir enn omsorg, meir enn oppseding og meir enn sosialisering. Samtidig rommar danning alt dette. Barn må få utfordringar, sjansen til å utvikle kunnskapar og ferdigheiter og støtte for å handle omsorgsfullt og gjere etisk grunngitte val. Gjennom danning legg ein grunnlaget for allsidig utvikling."

For å få betre forståing for kva som ligg i dette har barnehagen laga vår definisjon på korleis vi forstår danning.

Med arbeid med danning meinar vi i Sande barnehage;

  • Å støtte barnet i å utvikle seg sjølv til det beste av seg sjølv.
  • Å lære barna i å sjå seg sjølv i ein større samanheng.
  • Å støtte barnet til å forstå seg sjølv som ein del av ein demokratisk prosess,og forstå at det sjølv påverkar fellesskapen
  • Å støtte barnet i få kunnskap og ferdigheiter og nytte desse til beste for alle.
  • Å møte barnet med respekt og refleksjon i si undring for å forstå verden.

Etter inspirasjon frå Stig Brostrøm, Glaser et. al (2011)

 

"Danning er ein livslang prosess som mellom anna handlar om å utvikle evne til
å refl ektere over eigne handlingar og veremåtar. Danning skjer i samspel med
omgivnadene og med andre og er ein føresetnad for meiningsdanning, kritikk
og demokrati." (Rammeplan 2011)