Planar

Sande barnehage skal vere ein god plass å vere for både små og store. Vi ynskjer oss dagar med glede, utfordringar og gode oppvevingar. For å sikre det har vi laga ulike planar. I dei kan du lese om kva vi tenker er viktig i barnehagen. Arbeidsgrunnlaget, utviklingsplanen og årsplanen er planer som tek for seg uilke sidar av barnehagedagen.

 

Utviklingsplanen, Årsplanen og "Arbeidsgrunnlaget vårt" handlar om grunnlaget for arbeidet i Sande barnehage. Her beskriv vi nærare korleis vi arbeider med det rammeplanen pålegg oss og med fagområda.

Lov og Rammeplan legg fundamentet som drifta av barnehagen kviler på.

I 2017 kom ny rammeplan, mykje av arbeidet dei nærste åra vil handle om å bli endå betre kjend med den.

 "Barnehagen skal gi barnamuligheter for lek, livsutfoldelse og meningsfylte opplevelser og aktivitet "(Barnehagelova §1)


 

Utviklingsplanen

set fokus på dei tema vi spesielt arbeider med i periodar. Den syner satsingsområde for barnegruppa og kompetanseutvikling for dei vaksne.

     utviklingsplan 2018, Sande barnehage 

 


 

Årsplanen

fortel om kva som skal skje og når, kven som går på dei ulike avdelingane, om personale og andre ting som vert endra år for år.Årsplanen bygger på utviklingsplanen. Her på heimesida finn de berre framsida. Oversikt over kva barn som går på ulike avd. etc. får heimane i papirformat. 

    

Framside årsplan 18-19


 

"Arbeidsgrunnlaget vårt"

handlar om kvardagen vår, om tradisjonar og andre ting som ligg som ein basis og er eit grunnlag for alt arbeidet vårt. Ting som vi har hatt i utviklingsplanen og jobba grundig med. Vi vil som oftast legge inn i "basisen".  Der finn du omhandla;

  • Leik
  • Læring
  • Sosial kompetanse
  • Å bli kjend med barna