Å bli kjend med barna

I Sande barnehage har vi kring 100 barn vi skal bli kjende med. Vi skal ivareta barna sine sterke sider og vi skal hjelpe dei med å styrke dei svake. Vi blir kjende med barna på mange måtar. Først og fremst gjennom møtet med dei i kvardagen. Gjennom leik, aktivitetar og samtale får vi verdifulle innblikk i barnet sine tankar, deira interesser og eventuelle vanskar.

 Vidare er foreldra viktige kjelder til informasjon og kva ynskje dei har for barnet sitt. Ting dei veit barnet likar, eller treng å bli flinkare til. I samarbeid med foreldra ynskjer barnehagen å gje det einskilde barnet det tilbodet som vil høve det best. Samtidig som vi må ta omsyn til at vi er i ei stor gruppe.

I tillegg har vi andre arbeidsmetodar for å bli kjend med særskilde sider ved barnet og ved samspel mellom barn og vaksne.

Vi nyttar mellom anna;

  • observasjon for å sjå på samspel.
  • praksisforteljingar for å få innblikk i kvardagen sine små og store hendingar.
  • video der vi óg kan sjå og vurdere oss sjølve sett frå utsida.
  • Vi nyttar og bilete frå barnehagedagen, og samtale med ungane for å få fram deira tankar om korleis dei har det.

Frå hausten 08 nyttar vi ”Alle med”, dette er eit registreringsskjema som tek føre seg dei ulike utviklingsområda til barna, motorikk, språk, sosial kompetanse m.m.

Dette vil de foreldre få informasjon om på foreldresamtalen .

- OG ANDRE OMRÅDE :

Fysioterapeut kjem til barnehagen av og til og har motoriske opplegg saman med oss. Dei hjelper oss med idéar til øvingar, og til å vurdere barna sin motorikk.

Helsesøster Vi har eit stadig tettare samarbeid med helsesøster. Er det ting ho ynskjer vi skal følgje opp avtalar ho det med foreldra, og vi får ei melding. Er det ting vi meiner ho vil vere den rette til å sjekke ut tar vi dette opp med foreldra og dei eller vi tek kontakt.

Spesialpedagogisk koordinator. Dei siste åra har Gaular kommune hatt spes. ped koordinator i kvart sokn. Dei er tilsette ved skulen, men med ansvar óg for barnehagen. Her på Sande er det Else Igelkjøn som er tilsett. Ho hjelper oss med ting vi er usikre på, idear til tiltak og vurdering før vi ev. tek kontakt med PPT. (Pedagogisk psykologisk tenestekontor) Ho kan og ha timar med einskildbarn i barnehagen.

Dersom vi ynskjer hjelp frå PPT tek vi først kontakt med foreldra til barnet.

Alt dette er ulike måtar vi nyttar for å bli betre kjende med barna. Er det ting vi oppdagar eller er usikre på, vil vi alltid ta kontakt med foreldra. Vi håpar og at foreldra tek kontakt om det er noko dei har lyst å ta opp med oss.