Sosial kompetanse

Rammeplanen seier: ”Sosial kompetanse handlar om å kunne samhandle positivt med andre i ulike situasjonar. Barn uttrykkjer og tileignar seg denne kompetansen i samspel med kvarandre og med vaksne. Kompetansen blir spegla i den evna barnet har til å ta initiativ til og halde på vennskap.”

Barnehagen har i nokre år arbeidd med korleis vi skal vere mot kvarandre. Barna må lære å vise omsyn, men og å hevde seg sjølve.

Vi har tidlegare nytta Kari Lamer sitt opplegg "Du og jeg og vi to". Dette materiellet fokuserer på arbeidet med barna i samlingar, i leik og kvardagsaktivitetar, samtidig som det gjev kompetanseheving til personalet. Vi har lært mykje gjennom opplegget, og gjennom kurs og diskusjonar. På grunnlag av kunnskapen lærer og vi vaksne mest gjennom erfaring og i møte med det einskilde barnet. Respekt og at ein er audmjuk i høve det unike med den einskilde barnet må alltid ligge i botn.

Venskap og det å kunne knyte kontaktar vil alltid være i fokus.

Kunnskapen om korleis ein omgår andre for å få venskap vil vere ein viktig kompetanse i dagens og morgondagens samfunn. I ei tid der folk flyttar mykje på seg vil evna til å knyte nye sosiale band vere viktig.

Ulike sider som er viktige å legge vekt på er:

Empati og rolletaking, som handlar om:

  • Setje ord på eigne og andre sine tankar.
  • Sjå ting frå andre sin synsvinkel.
  • Lytte til andre.
  • Prososial adferd, som handlar om:
  • Å ta omsyn til andre
  • Sjølvhevding, ta initiativ og ytre eigne ynskje.
  • Å gjere noko som er til nytte for andre, hjelpe, dele, trøyste eller rose.

Sjølvkontroll, som handlar om:

  • Utsette eigne behov, til dømes vente på tur.
  • Klare å inngå kompromiss i konfliktar.
  • Vedgå eigne feil.
  • Leik, glede og humor, som handlar om:
  • Syne glede over leik og humor.
  • Vere barnsleg og la seg rive med.
  • Skilje leik frå andre aktivitetar, meistre å gå inn og ut av lei

Barnehageoppsedinga har som mål at barna skal bli sjølvstendige og trygge på seg sjølv som individ, og på sin eigen personlege og kulturelle identitet. (Rammeplan s. 28)