Språkutvikling

Å utvikle språk er noko av det mest betydningsfulle som skjer i eit barn sitt liv. Gjennom språket utviklar ein sin eigen identitet og tilknyting til eit fellesskap. Ved hjelp av språket lærer barnet å forstå seg sjølve og omverda, noko som er avgjerande for barnet si vidare utvikling, både intellektuelt, sosialt og emosjonelt.

I det siste har det vore særskilt fokusering på språkutvikling.

Det er eit satsingsområde både sentralt og kommunalt.

Rammeplanen seier: ”Barnehagen må sørgje for at alle barn får varierte og positive erfaringar med å bruke språket som kommunikasjonsmiddel, som reiskap for tenking og som uttrykk for eigne tankar og kjensler.”

Gjennom leik og anna samvær, utan krav om å lære å lese, kan barna få tileigne seg nokre nøkkelferdigheiter som gjer at lese- og skriveopplæringa seinare går lettare. Evne til samspel, kommunikasjon og merksemd er grunnleggande.

 

Nokre nøkkelområde i språkutviklinga

Generelle språkferdigheter,

Det viktigaste i all språkutvikling er at dei vaksne er gode språkmodellar, barna skal få ”bade” i språk. Vi må ha ein bevisst bruk av både verbal- og skriftspråket. Vi treng vaksne som har tid og evne til å lytte aktivt til barnet, som viser interesse og nærver. Grunnlaget for god språkstimulering ligg i her og no dialogen, ein skjønar orda fordi situasjonen gjev meining til samtalen.

Begrepslæring skjer gjennom erfaringar og formidling. Barna må få allsidige opplevingar og erfaringar. Vaksne og barn må så undre seg saman, forklare og fortelje. Vi må ha fokus på å auke ordforråd, gjennom å skape forståing og setje ord på kvardagen. Uttale og setningsoppbygging m.m. lærer barna gjennom leik og samspel med andre barn og vaksne.

  • Høgtlesing, song, dramatisere, leike og lage ting, alt er gode situasjonar for å utvikle språket .
  • Bruke eventyr, spele spel, sjå i bøker og på bilete.
  • Gruppesamtaler gjev fellesopplevingar, gruppeidentitet og samhald.
  • Vi gir felles informasjon og snakkar om ting vi har gjort.
  • Viktige ting kan vi skrive opp på store ark.

 

Situasjonsuavhengig språk.

Det er samtalen om det som har skjedd, skal skje eller fabuleringar.     Dette er viktig grunnlag for seinare skriving og lesing.

  •  Vi oppsummerar saman tema vi har hatt, eller pratar om dagen i dag.
  • Vi kan gjenfortelje historier, vitsar eller fortelje om noko som har skjedd.
  • Vi skapar tekstar med barna, planlegg og fantaserer.
  • I rolleleik nyttar dei og eit språk (når dei snakkar om leiken) som førebur dei til skriftspråkleg formulering.

 

Språkleg medvit og forståing.

Barna lærer at språket vårt er oppbygd av lydar (fonem). Dette lærer dei tildømes ved å lytte til språklydar i rim og regler.

  • Alle barna lagar sine song og reglekort.
  • Vi leiker med ord, bytte ut lydar. Lytte til rytme i ord og setningar.
  • Ungane lyttar til språklydar ved leikeskriving og leikelesing.
  • Vitsar og gåter gjev forståing for at ord kan ha fleire meiningar.

 

Erfaring med lesing og skriving.

Gjennom ”å bable” med skriftspråket på sama måte som med lydane, kan barnet utforske skriftteikna i eige tempo og utan press. Barna skriv og leikeskriv. Vi les for barna, dei ”les sjølve”. Slik lærer barna å sjå samanhengen mellom språk og skrift. Vi har valt å nytte dei store bokstavane med ungane.

  • I barnehagen møter ungane skriftspråket (ordbilete) på kasser, skuffer og som informasjon.
  • Dei lagar handleliste og skriv hugselappar.
  • Avdelingane har alfabetet hengande på veggen.

 

TRAS Tidleg Registrering Av Språkutvikling.

Dette er eit registreringsskjema som er eit nyttig hjelpemiddel, og ein arbeidsreiskap for personalet for å oppnå kompetanseheving i barnehagen. Personalet lærer om det som er mest sentralt i språkutviklinga, mellom anna i eit førebyggingsperspektiv.

Barnehagen vil vere ein viktig arena som kan kartleggje språkutviklinga til barna, tilretteleggje for gode aktivitetar og gje støtte til foreldra. Materialet dannar eit godt utgangspunkt for foreldresamtalen og eventuelt eit grunnlag for tilvising til andre instansar.

Dette nyttar vi når vi treng meir kunnskap om språkutviklinga til eit barn.

Ev. når ”Alle med” syner at vi treng sjå nærare på språket.

(”Alle med” sjå sida om å bli kjend med barna)

ASKELADDEN

er ein språktest dei pedagogiske leiarane kan nytte når det er ting med språket til eit barn dei funderer på.