Læring

Barn er kunnskapstørste og lærelystne. Dette skal barnehagen støtte og slik gi eit godt grunnlag for livslang læring” (Rammeplan s 26)

Barnehagen er no komen under Kunnskapsdepartementet og vert sett på som den første delen av utdanningsløpet. Rammeplanen har sett tydlegare fokus på den læringa som skjer i desse barneåra.

Rammeplanen har 7 fagområde. Desse møter barna kvar dag gjennom barnehagen sine daglege aktivitetar, gjennom tradisjonane våre og gjennom tema / prosjektarbeid.

1. Kommunikasjon, språk og tekst

2. Kropp rørsle og helse

3. Kunst, kultur og kreativitet

4. Natur, miljø og teknikk

5. Etikk, religion og filosofi

6. Nærmiljø og samfunn

7. Tal, rom og form.

I utviklingsplanen, årsplanen og denne planen som handlar om grunnlaget for arbeidet i Sande barnehage, beskriver vi nærare korleis vi arbeider med desse fagområda.

Denne planen handlar om kvardagen vår, om tradisjonar og andre ting som ligg som ein basis og er eit grunnlag for alt arbeidet vårt.Utviklingsplanen set fokus på dei tema vi spesielt arbeider med i periodar. Den syner satsingsområde for barnegruppa og kompetanseutvikling for dei vaksne.Årsplanen fortel om kva som skal skje og når, kven som går på dei ulike avdelingane, om personale og andre ting som vert endra år for år.

Årsplanen bygger på utviklingsplanen.