Ordensreglar i Sande barnehage

Vi har laga oss reglar for korleis vi skal oppføre oss i barnehagen. Ungane har laga framlegg og dei vaksne har arbeidd vidare med dei. No byrjar arbeidet med dei i barnegruppene. Vi trur at vi vil ha det kjekkare i lag om vi føl nokre reglar for korleis vi skal vere mot kvarandre og elles.

ORDENSREGLAR FOR SANDE BARNEHAGE

Du skal gjere mot andre det du vil at dei skal gjere mot deg

Den gyldne regel

 

  • Du skal vere snill med dei andre, ikkje slå, sparke, lugge eller bite!
  • Alle må hjelpe kvarandre å rydde
  • Du må stå fint i køen
  • Du må vente på tur
  • Du skal ikkje springe inne, berre ute
  • Du må bruke innestemme!
  • Du må sitte fint på plassen din i samling og ved måltidet.
  • Vi er høflege, snakkar fint, helsar god morgon og seier ha det til kvarandre.