Ledig vikariat som fagarbeidar/ assistent søknadsfrist 1. mars

Vi får fleire nye barn frå mars- april og treng difor fagarbeidarar / assistentar frå 12. mars og 2. april. Det vil verte ledig inntil 2 100% stillingar. Dette er litt avhengig av kor mange av barna som takkar ja til plass. Frå hausten vil vi komme til å lyse ut 100% vikariat som pedagogisk leiar og truleg også fagarbeidar. Dette vil bli annonsert i mars. Stillingsprosent som fagarbeider er avhengig av antal barn som søkjer/tek i mot plass. Vi vil og trenge sommarvikar for kokk :)

Sande barnehage består av to hus.
Dei to yngste kulla har vi samla i bygget i Gamlevegen. Der er to avdelingar med eittåringar og to med toåringar. I 2010 bygde vi nytt i Steiavegen, der har vi borna frå tre år og oppover.

Vi treng: inntil 200% fagarbeidar / assistent


• Vi har også ledig sommarjobb for kokk i 60% stilling 

Vi vektlegg personlege eigenskapar, og ynskjer engasjerte og positive medarbeidarar, med fokus på ungane og gode samarbeidsevner. Søkjar må også kunne snakke og skrive godt norsk. 

Løn etter PBL sin tariff. Politiattest og eigenerklæring om helse vert krevd ved tilsetjing.

Vi har nokre, men oppfordrar likevel menn til å søkje!

Spørsmål ? Ta kontakt med styrar 57716300 /57716139

Søknad med rettkjende kopiar av vitnemål og attestar kan sendast til:
Sande barnehage
v. styrar
6973 Sande i Sfj.

Eventuelt:  eldrid@sandebarnehage.com

Søknadsfrist 01.03.2018