Foreldreundersøkinga 2017

Takk for god innsats! :) Over 80% har svart på undersøkinga, det er faktisk kjempeflott! Det er veldig mange positive og kjekke tilbakemeldingar, vi er svært glade for at dei aller fleste er så godt nøgde med barnehagen vår. Vi ser at det som alle skårar høgst er trivselen til ungane. Det er vi spesielt glade for då dette er det vi ser på som det aller viktigaste. Vi er glade for at foreldra opplever og uttrykkjer det så klart. Vi ser at de foreldre opplever at barnet er trygge på dei vaksne, og at dei vaksne er engasjert i barnet og tek omsyn til dei behov barnet har.

Vi ser også at oppstart og tilvenning får svært gode tilbakemeldingar, og at foreldra opplever at personalet jobbar godt med barns utvikling som språkutvikling, sosial utvikling og venskap, nyskjerrighet og lærelyst.

:) Tusen takk til dykk foreldre for det!

Dei aller fleste er og godt fornøyde med henting og levering. Vi er ein stor organisasjon med mange tilsette, ungar og foreldre og at så mange er så godt nøgde er flott!

Ein del opplever at det burde vore fleire vaksne med ungane. Vi er godt bemanna i høve til regelverk. Særskilt i Steia der vi har lærlingar, men og i Gamlevegen er vi oppe i 50% barnehagelærar på avdelingane, og vi er godt innafor lovverket. Men vi kan vere einige i at bemanninga i barnehagar generelt bør vere større. På morgonar og ettermiddagar er det ein på avdelingane og mange små og store å ta imot. Dette prøver vi spille inn i dei politiske organ vi kan vere med å påverke, det er flott om foreldre og engasjerer seg i dette!

Vi ser at vi må jobbe med informasjon, både om innhaldet i dagen og endringar i personalgruppa. Hovudsakleg får vi jo og her gode tilbakemeldingar, men vi ser likevel at dette er områder vi må bli enda flinkare på.

Utearealet ser vi at vi må jobbe med. Dette er også noko vi har fått tilbakemeldingar på i foreldreundersøkinga. Vi har gjort mykje med drenering i Steiavegen heilt sidan vi flytta inn i 2010. Sidan problema med vatn og gjørmete uteområde har vore så utfordrande, har vi i haust valt å nytte Norconsult for å rettleie oss i forhold til dette arbeidet. Vi ser at vi må gjere ein større jobb for å leie vatnet utanom barnehagen, og få drenert og tørka opp utområdet.

Vi er glade for dei gode tilbakemeldingane så vil vi gjere ein innsats der vi ser vi må bli betre.

Hovudsakleg vert det viktig at alle kjenner seg sett og møtt! Dei aller fleste opplever at det er bra, men nokre få gir tilbakemelding på at dei ikkje gjer det. Dette blir noko av det aller viktigaste for å oss å jobbe med vidare framover.

Det er fint om du som foreldre tek kontakt direkte med oss om det er ting du tenker vi kan bli betre til! Avdelingane vil gjerne høyre frå deg! Døra til kontoret er også open for ein samtale :)

Med helsing Gro og Eldrid og resten av personalet