Vi lagar julepølser

Eit av måla våre i barnehagen er å formidle prosessen frå «jord til bord», der borna får oppleve korleis vår tradisjonsmat har blitt laga frå gammalt av. I samband med andre høgtider som vi sjølv ikkje er like gode på har vi av og til invitert inn foreldre til å hjelpe oss, men noko av tradisjonsmaten til jul håpar vi på å klare å halde ved like.

Til pølser kjøper vi inn ferdig malt kjøttdeig, medisterdeig, medisterfarse, tarmar og krydder, så får borna vere med og oppleve at vaksne lagar og fortel. Borna får lukte på kryddera og sjå korleis alt blir blanda godt saman før det blir stappa til pølser.

Fram gjennom åra har vi prøvd oss fram med sursild, sylteflesk og litt ulike tradisjonsrettar, men i aldersgruppa på småbarnshuset har vi funne ut at julepølser passar bra å lage dersom vi tek ut kun ein del av prosessen. Det fine med pølser er at det er lett å la mange få vere med og oppleve prosessen i små grupper etter tur og ein ser det ferdige resultatet med ein gang. Det treng ikkje ta så lang tid før ein kan smake heller.  Seinare når borna kjem på storbarnsavdeling lærer dei meir av prosessen, då dei innimellom får inn heile slakt. Der får borna blant anna oppleve partering av kjøt og korleis ein mel kjøt til kjøtdeig.

Triveleg på kjøkkenet med Karin Sissel og Øystein :-) Nokre barn syns det var spennande og ville stå der lenge for å sjå og prate, andre var berre innom ei lita stund.