Vi treng folk i dei viktigaste stillingane :)

Vi har 100% fast ped. leiar og 100% fast fagarbeidar frå 01.01.20. Det vert og ledige vikariat framover våren. Sande barnehage består av to hus, eitt i Selstadvegen (for 1- og 2- åringane ) og eitt i Steia der har vi barna frå tre år og oppover. Vi er no i gang med å planlegge nytt hus for dei yngste ved sidan av bygget i Steiavegen, som sto ferdig i 2010.

Vi vektlegg personlege eigenskapar og ynskjer:

  • Positive, rause, engasjerte og løysningsorienterte medarbeidarar som byr på seg sjølv
  • Du må ha fokus på barna sitt beste og bidra til barnas leik og læring
  • Du må både tenkje sjølvstendig og har gode samarbeidsevner
  • Vere ein vaksen som er til stades og som ser heilskapen i ein hektisk kvardag i barnehagen.
  • At du bidrar til å vidareutvikle barnehagen
  • Søkjar må og kunne snakke og skrive godt norsk

Vi kan tilby:

  • Godt fagleg miljø og engasjert medarbeidarar
  • Spanande og varierte arbeidsoppgåver
  • Ei engasjert foreldregruppe som er interessert i barna sin kvardag
  • Fokus på kvalitet og personleg utvikling
  • Midlar avsett til vikar og fagleg utvikling
  • Løn etter PBL sin tariff

Politiattest og eigenerklæring om helse vert krevd ved tilsetjing.

Vi har nokre, men oppfordrar likevel menn til å søkje!

Spørsmål ? Ta kontakt med styrar; 95236653 / ass. Styrar; 48131648

Søknadsfrist  12.10.19

Søknad med rettkjende kopiar av vitnemål og attestar kan sendast til:

eldrid@sandebarnehage.com
eller til Sande barnehage
v. styrar
6973 Sande i Sfj