Tur i nærområdet med litt bading

Torsdag gjekk vi tur frå Steia til badekulpen bak Løfalfeltet. Der vassa ungane og nokre fekk seg eit ufrivillig bad og fekk kjenne at det ikkje var så varmt i vatnet. Dei kosa seg og samla steinar med glitter på. Vi åt pizzaboller som kokken Anna baka til oss t lunsj. Etterpå gjekk vi ned til butikken og kjøpte is. Vi sette oss ned på bakken ved minnesteinen for å få skugge på oss😀