Nyheter

  • Alfa har ryddedag!

    I dag har vi hatt dugnad i barnehagen med Alfa ungane! Vi har rydda i skuret, vaska alle leikane og syklane, også kasta vi alt som var øydelagt. Dei var kjempe flinke til å hjelpe:)

    03.05.2018 21:54
  • Ungane på reven lagar bjørkesirup

    Den siste tida har vi tappa bjørkesevje frå nokre bjørker ved barnehagen. I bålhuset har den kokt inn til bjørkesirup.

    02.05.2018 14:53
  • Stor stas med kyllingar i barnehagen :-)

    I dag har det blitt født to flotte kyllingar i Gamlevegen. På biletet kan de sjå i bakgrunnen at nr 3 er på veg til å bli fødd. Dei aller fleste av borna har vore innom og kikka på kyllingane i dag. No medan dei er så nyfødde kan vi berre sjå men ikkje røre, og vi har snakka stillare enn vanleg når vi har vore inne for å sjå på dei.

    13.04.2018 14:26
  • Vikariat :) i dei viktigaste jobbane

    Års-vikariat: 100% pedagogisk leiar og 100% fagarbeidar. Vikariatet som pedagog kan bli fast. Ved internt opprykk kan det bli ledig fleire fagarbeidarstillingar, eventuellt i ulike storleikar.

    23.03.2018 14:50
  • Se flere aktuelle saker i arkivet...

Planar

Sande barnehage skal vere ein god plass å vere for både små og store. Vi ynskjer oss dagar med glede, utfordringar og gode oppvevingar. For å sikre det har vi laga ulike planar. I dei kan du lese om kva vi tenker er viktig i barnehagen. Arbeidsgrunnlaget, utviklingsplanen og årsplanen er planer som tek for seg uilke sidar av barnehagedagen.

Søknad om barnehageplass

Hovudopptaktet til barnehagane i Gaular er 1. mars. Dei som har fått plass beheld plassen til dei byrjar på skulen. Ynskjer du å endre plassen kan du og gjere det i det kommunale søkesystemet på nett. Dersom det er ledig plass i barnehagen, kan barn også få plass utanom hovudopptaket. Vi må då ta omsyn til personaltettleik og kommunen sine teljedatoar. Vi tek ikkje barn inn etter 1. april.